Textuality and the Oral-Written Continuum in Old Norse culture

Authors

  • Else Mundal University of Bergen

Keywords:

Middle Ages, Old Norse texts, oral-written continuum, textuality

Abstract

Denne artikkelen drøfter med utgangspunkt i den norrøne kulturen nokre sentrale spørsmål i tilknyting til omgrepa ‘textuality’ og ‘the oral-written continuum’. Dei første skriftlege tekster i Norden vart introduserte av Kyrkja, og Kyrkjas teksttolking vart introdusert saman med dei. Men førestillinga om at meininga i tekster måtte tolkast fram, hadde eksistert lenge før introduksjonen av skriftkulturen. Den vanskeleg tilgjengelege skaldediktinga hadde alltid kravt tolking. Også på fleire område ser vi ein klar kontinuitet mellom den munnlege og skriftlege kulturen. Edda- og skaldedikting hadde i prinsippet den same form på det munnlege som på det skriftlege stadiet, og om slik dikting vart komponert av ein skrivande forfattar, vil det vere så godt som umogeleg å skilje diktinga skapt i den munnlege tradisjonen frå den skapt av ein skrivande forfattar. Også genrane innanfor sagalitteraturen bygde i større eller mindre grad på munnleg tradisjon. Samanhengen mellom det munnlege og det skriftlege stadiet viser segogså i framføringa av skriftlege tekster. Det er indikasjonar i tekstene på at skriftlege tekster som bygde på munnleg tradisjon, vart fortalde, ikkje lesne. I mellomalderen fungerte nokre tekster som ei tolkingsramme for andre tekster. Bibelen var ei slik tekst, men også andre tekster kunne få ein slik funksjon. I vår tid er det eit spørsmål om vi klarer å sjå tolkingsrammene mellomaldertekster vart lesne innanfor og om vi klarer å få med oss den fulle meininga av det mellomalderforfattarane ville formidle.
Section
Plenary articles

Published

2016-12-31